
Oppdatering 27.04.2026: Nor-log har kjøpt avtalane som NBT hadde, som betyr at vi har fått på plass ein ny leverandør for transport mellom biblioteka som vart råka av konkursen. Planlagt oppstart er 29. april. Så snart vi ser at flyten er i gong igjen, vil vi opne opp att for fjernlånsbestillingar!
Ler om saka på bokogbibliotek.no
Tysdag 14. april meldte Norsk bibliotektransport AS seg konkurs. Det er dei som har sørga for den frie bokflyten mellom svært mange bibliotek i Noreg, og som vi har hatt avtale med. Det er også dei som har levert bøker frå Biblioteksentralen, som leverer kjøpte bøker og kulturfondbøker til oss.
Kva betyr dette for deg som lånar?
- Lånarar kan pr. dags dato ikkje lenger sjølv logge på Biblioteksøk og bestille fjernlån. Vi vil opne opp att for dette når ei transportløysing er på plass igjen.
- Dersom du ventar på ei bok som allereie er bestilt frå eit anna bibliotek, må ein diverre rekne med ein del ventetid. Vi veit framleis ikkje kor lang tid det vil ta før situasjonen er meir avklart, og beklager ulempene dette medfører for våre lånarar. Det er diverre lite vi kan gjere for å påverke prosessen.
- Dersom du allereie har lånt noko frå eit anna bibliotek gjennom oss, skal du framleis levere det tilbake hos oss. Vi tek dialogen vidare med eigarbiblioteket.
- Dersom du har lånt direkte frå eit anna bibliotek, oppmodar vi til å levere tilbake materialet direkte til eigarbiblioteket. Utan transportteneste har vi ikkje høve til å fjerninnlevere materiale som ikkje er handtert via Volda folkebibliotek.
- Dersom det er noko du treng veldig kjapt vil vi rå deg til å sjekke bibliotek i nærleiken og sjå om dei har boka inne og hente sjølv.
- Ventar du på ei bok som vi har kjøpt inn? Ein kan også måtte medrekne forsinkingar på bøker frå Biblioteksentralen sjølv om dei jobbar med ei løysing for utsending av sine leveransar.