
Volda folkebibliotek, Hornindal bibliotek og Ørsta folkebibliotek held heilt stengt f.o.m. fredag 12. september - 28. september i samband med overgang til nytt biblioteksystem.
I den stengte perioden vil det ikkje vere mogeleg å låne bøker.
Vi ynskjer at lånarar ikkje leverer inn lån i innleveringskassa vår ute, ettersom vi ikkje vil få levert dei inn i noko system før etter overgangen er fullført.
Alle endringar gjort inne på Meg & Mitt etter 17. september vil ikkje vere søkbare i det nye systemet. Vi publiserer lenkje til ny brukarpålogging så snart denne er klar.
Vi set pris på all velvilje og tolmod frå brukarane våre!
Dersom vi ser at systemet er klart og at vi kan opne dørene tidlegare enn planlagt, så gir vi beskjed om dette fortløpande!