Super Sommarlesfest!

I går var heile 118 born med oss i kinosalen på Volda filmteater for å feire vel blåst Sommarles 2023.

Avslutningsfesten bestod av ei gratisframsyning av filmen Ruby: Sjømonsteret. Inkludert i gratisbilletten var juice og popcorn, og dei som ynskte det kunne ta med seg ein vaksen. 

Før filmen presenterte vi lesetala for årets Sommarles, og delte ut flotte premiar. Det var ei spanande loddtrekning, der åtte heldige born fekk med seg eit gymnett med premie oppi. Etter filmen kunne alle som ville plukke med seg eit gymnett, her ser de Mathilde, Thea, Lars og Didrik vise fram netta sine. Thea var så heldig å vinne eit nett med premie under loddtrekninga.

Fire born står ved sidan av kvarandre og viser fram gymnett i tøy. - Klikk for stort bileteMathilde, Thea, Lars og Didrik viser fram gymnetta sine. Thea var heldig å vinne eit gymnett med premie!

 

I år var det 356 deltakarar i lesekampanjen Sommarles, noko som utgjer heile 37% av alle born som går i 1. - 7. klasse i Volda kommune. Av desse var det omlag 310 som var aktive lesarar gjennom heile sommaren, og dei har verkeleg imponert oss i år!

Totalt har sommarlesarane våre lese 4846 bøker og 534 085 sider, noko som utgjer eit snitt på 1500 sider per sommarlesar. Det er faktisk meir enn fjoråret! No har vi verkeleg noko å bryne oss på til neste års kampanje. 

Takk til alle som kom og gjorde dette til ei kjempekjekk avslutning!

Tre born står ved sidan av kvarandre og viser fram gymnett i tøy.  - Klikk for stort bileteArthur, Sara og Kristiane fekk også med seg gymnett etter kinoframsyninga.