BookBites

BookBites

BookBites er ein app for å kunne lese e-bøker eller høyre lydbøker gratis på mobil, nettbrett og pc. Appen inneheld tusenvis av titlar for barn, unge og vaksne.

 Korleis skaffe deg BookBites?

  • Gå inn på nettbutikken din og last ned appen BookBites i iOS eller android versjon på den dingsen du vil lese og høyre frå. Du må ha iOS-versjon 11 eller nyare, og Android-versjon 5 eller nyare for at BookBites skal fungere.
  • Om du ikkje har hatt BookBites tidlegare, må du opprette ein brukar. Du kan velje mellom ulike metodar for pålogging: e-post, Feide, Facebook og Google. Velje det som passar best for deg. Fylle inn den informasjonen som appen krev for å kunne fungere som namn, e-post og lånenummer.
  • Du kan seinare justere kva informasjon appen skal ha tilgang til inne i innstillingane dine.
  • Du kan godt bruke mobil og nettbrett samtidig, for låna er kopla til lånekontoen og ikkje dingsen. Startar du å lese ei e-bok på mobilen, skal nettbrettet automatisk oppdatere sidetalet når du opnar appen her. 

Fleire funksjonar for tilpassing i appen

Du kan låne, reservere og ønskje titlar i appen, så får du varsel på e-post når boka er klar for deg.

Appen har fleire funksjonar som du kan tilpasse di lesing, blant anna justere storleik på tekst, kontrastar, språk, tempo på innlesar og funksjon for innsoving.

Du får også ei oversikt over kor mange lån som står att per månad på dei biblioteka som er registrert på lånekortet ditt. Ulike bibliotek kan ha ulik lånetid, men dette kan du enkelt følgje med på her.

Biblioteka har avgrensingar for kor mange e-bøker og lydbøker ein kan låne per månad.

Ofte stilte spørsmål om BookBites.

Får du problem med innlogginga, kan du kontakte biblioteket ditt, eller BookBites-support.