Flipp

Flipp

På biblioteket får du tilgang til tenesten Flipp frå Egmont publishing! Her finn du over 90 magasin og teikneseriar i digital utgåve. Kom innom biblioteket og logg deg på ei av publikumsmaskinene, eller last ned appen på mobilen din. 

Slik får du tilgang: 

1. Logg på biblioteket sitt trådløse nettverk (SSIKT-gjest).

2. Gå inn på flipp.no på netttlesar, eller:
    Last ned appen "Flipp Norge" (App Store)

3. Opprett ein konto med mobilnummer og valfritt passord.

Passordet du vel første gong blir det faste passordet du brukar også i framtida. Når du loggar deg på i appen får du tilgang til alt innhald i sju dagar. Etter sju dagar må du innom biblioteket igjen for å logge på nettverket her. I appen kan du også laste ned blad og magasin til lesing utan nettverkstilgang (dette er ikkje mogeleg via nettlesar). 

No kan du lese mellom anna Her og Nå, Hjemmet, Norsk Ukeblad, Vi menn, Bonytt, Rom123, Donald Duck, Kamille, Hytteliv, Hageliv & Uterom og Villmarksliv. Av svenske og danske magasin kan du mellom anna lese Euroman, Eurowoman, Alt For Damerne, Hus & Hem, King, Café og Auto Motor & Sport. Du får også tilgang til tidlegere utgåver av alle blad.