Lærarar i voldaskulen kan gjennom skuleåret bestille bokkasser frå oss. Når vi får ei bestilling, plukkar vi omlag to bøker per elev, der kassa inneheld både skjønn- og faglitteratur, lettlest, teikneseriar, grøss og fantasy. Vi har også ein del bøker på engelsk, men desse må ein spørje spesielt etter i bestillingsskjemaet.
Tilsette i barnehage kan nytte det same skjemaet for å bestille bokkasse til si avdeling, då tilpassar vi innhaldet og fyller kassa med t.d. biletbøker, peikebøker og bøker til høgtlesing.
Når ein bestiller ei bokkasse til klassen sin eller avdelinga si, er det ein føresetnad at ein har eit system for å ha kontroll på bøkene ein har lånt. Bøkene skal ikkje sendast med borna heim, dette er fordi vi opplever at materiale går tapt. Det vil vere skulen/barnehagen som er erstatningsansvarleg for materialet som er lånt ut, og vi anbefalar at ein lagar seg lister over kven som les dei ulike bøkene for å ha oversikt over bøkene ein har lånt. Når de får ei bokkasse med oss, ligg det alltid ei kvittering oppi kassa som viser kva bøker de har fått. Bruk denne gjerne som ei sjekkliste når de skal samle inn og levere tilbake kassa.
For at vi skal kunne tilpasse kassa til dykkar behov, er det viktig at vi får nok informasjon. Då treng vi å vite:
- Klassetrinn/aldersgruppe
- Tal på born
- Fordeling av kjønn
- Behov for tilpassa bøker
- Om ein ynskjer eit tilfeldig utval bøker, eller ynskjer særskilte tema, t.d. jul, påske, dyr, søppel etc.
Ein bestiller bokkasse ved å fylle ut dette skjemaet.
Utlån: Vi lånar ut bøkene på læraren, og læraren nyttar ein eigen lånekonto i systemet vårt som er knytt til skulen. Dersom du ikkje har lånekonto knytt til skulen, opprettar vi det ved bestilling. Ein skal ikkje nytte sin private lånekonto.
Lånetid: Lånetida er satt til éin månad. Dette er for å sikre at vi har god sirkulasjon på bøkene, og at vi gjerne kan legge nye og populære bøker i kassene. Lånetida kan utvidast om ein gjer avtale om det så lenge materialet ikkje er reservert til andre lånarar.
Henting/levering: Kassene må hentast og leverast ved Volda folkebibliotek eller Hornindal bibliotek med mindre anna er avtalt.
Purring: Vi sender 1. purring på SMS, 2. purring på e-post og 3. purring i brev til skulen. Erstatningskrav for tapt materiale vil bli sendt til skulen/barnehagen. Les meir om lånereglement her.
Ynskjer de å avtale eit klassebesøk på biblioteket? Send oss ein e-post til biblioteket@volda.kommune.no! Vi tek gjerne i mot besøk utanom ordinær opningstid på biblioteket, mellom 09.00 - 12.00.
Spesifiser gjerne om de vil kome på besøk og disponere biblioteket, eller om de ynskjer omvisning og opplæring i korleis ein finn fram i samlinga vår, boktips etc.