Lånereglement

Lånereglement

Velkomen som lånar hjå Volda folkebibliotek!

Lånekort

Alle innbyggjarar i Noreg kan få eit lånekort. For å få lånekort må ein møte opp på biblioteket og ta med gyldig legitimasjon, så opprettar vi ein lånekonto til deg, og du får eit lånekort av oss. Du bestemmer sjølv om du vil ha eit lokalt eller nasjonalt lånekort. Alle uten norsk fødselsnummer, eller dei som ikkje vil vere nasjonale lånarar, kan få eit lokalt lånekort av oss som kun er gyldig på Volda folkebibliotek. 

Alternativt kan ein opprette eit digitalt lånekort på  https://www.bibliotekkortet.no/. Dette tilsvarar Nasjonalt lånekort, og kan også brukast over heile landet.  For å endre PIN-kode, mobilnummer eller e-post må ein som lånar sjølv logge på Bibliotekkortet sine sider og endre opplysningar. 

For å kunne logge inn på digitale tenester som t.d. Biblioteksøk for fjernlånsbestilling og Filmoteket for å sjå film, må ein ha ein nasjonal lånar. 

Har du nasjonalt lånekort frå eit annet bibliotek kan det også brukast hjå oss, men det må først registrerast i vårt lånerregister. Til det treng vi legitimasjon med bilete og fødselsnummer. 

Gyldig legitimasjon: Fysisk original av legitimasjon som inneheld namn, fødselsdato og bilete, f.eks. pass, førarkort eller bankkort med bilete er gyldig. Vi kan også godta digitalt førarkort, studentbevis og elevkort med bilete (kan brukast til å lage lokalt lånekort) som gyldig legitimasjon. Vi godtek ikkje bilete av legitimasjon, for eksempel på mobil.

Som lånar hjå oss er du forplikta til å

  • Behandle biblioteket sitt materiale med omtanke
  • Levere utlånt materiale innan fristen, eller fremje ønskje om forlenging
  • Erstatte skadar på, eller tap av, materiale
  • Sørge for at riktig kontaktinformasjon er registrert i vårt system

Lånetid

  • Papirbøker: 30 dagar
  • Bøker med lang reservasjonskø (hurtiglån): 14 dagar
  • Språkkurs: 60 dagar.
  • E-bøker og e-lydbøker i BookBites: 30 dagar
  • Lydbøker CD/MP3: 30 dagar
  • DVD: 30 dagar
  • Tidsskrifter: 30 dagar

Lån berre til bruk på biblioteket

  • Laptop
  • Symaskin
  • Aviser
  • Nyaste utgåve av tidsskrifta

Gebyr

Vi tek ikkje gebyr for purring på forfelle materiale. 
Det purrast inntil tre gonger per lån (dvs. for kvart utlånte materiale) – etter dette blir det sendt erstatningskrav for det aktuelle lånet. 
1. purring på sms
2. purring på e-post/sms
3. purring pr. brev i posten. 
Etter 3. purring vil materialet gå til innkreving av erstatningskrav.

Satsar for erstatning av tapt materiale

2x2
Materiale Pris
Vanlege bøker, filmar og lydbøker for vaksne 300kr
Vanlege bøker og lydbøker for born 200kr
Manglande cd i lydbok eller dvd i filmkassett 100kr
Praktbøker og del av verk 400kr
Ekstra dyrt eller uerstatteleg materiale 500kr

*Spesielt sjeldant materiale prisast individuelt.

Om du har fått krav om erstatning frå Volda folkebibliotek, kan du ikkje erstatte boka med eit nytt eksemplar til biblioteket. 

NB: Dersom du leverer inn materialet til oss i skranken før forfallsdato på fakturaen, kan vi kreditere denne. Dette gjer vi kun etter avtale. Dersom fakturaen blir betalt, kan du behalde materialet. Vi refunderer ikkje betalt faktura.