Eit kor der musikkglede, samhald og openheit er sentralt.
Koret vart etablert i 2023 gjennom eit samarbeid mellom Nasjonalforeningen Hornindal demensforeining, Volda kommune, Høgskulen i Volda og frivillige lag og organisasjonar.
Å synge saman skaper fellesskap og glede, og er ein flott aktivitet for personar med demens som er glade i song. Fleire pårørande syng også i koret.
Kvar korøving blir avslutta med eit kveldsmåltid. Der samtalar koristar, pårørande og frivillige rundt fint dekka bord.
Koret er leia av musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser og dirigent Ingrid Vik Henriksen.
Kom og bli med!
Koret har øving måndagar kl. 17-19 på musikkrommet på nye Volda ungdomsskule, Røysbakken 35.
Påmelding og spørsmål rettast til:
Kirsti Flø: 41205289 eller Anne-Sofie Egset: 97169915