Om oss

Om oss

I Volda kommune har vi to frivilligsentralar,;Volda frivilligsentral som held til på rådhuset i Volda og Hornindal frivilligsentral på Smia i Hornindal. Begge sentralane er eigd av kommunen og ligg under sektor for samfunnsutvikling. 

Volda har ein stor og mangfaldig frivillig sektor.  Nokre av hovudfunksjonane til frivilligsentralane er å vere kontaktledd og støttespelar til frivillig sektor, og bindeledd mellom dei og kommunen. Vidare ligg det til frivilligsentralane å skape eller støtte opp under lågterskel møteplassar i tråd med frivilligsentralane sin fellesvisjon «møte mellom menneske». 

Frivilligsentralar er kjenneteikna ved å vere fleksible, lette å nå, løysingsorienterte og at det skal vere kort veg frå ide til handling.

Det er sett ned retningsliner for kva vi skal arbeide for; 

  • god samhandling mellom kommune og frivillig sektor der det er naturleg
  • å ha god kunnskap om og oversikt over frivillig sektor og organisasjonslivet i heile kommunen
  • kunne rådgje lag og organisasjonar i søknadsprosessar, rapportering, organisasjonsarbeid og nettverksarbeid
  • å legge til rette for kurs for frivillige lag og organisasjonar etter ynskje og behov
  • koordinering av lågterskel møteplassar og aktivitetar for alle aldersgrupper (føresetnad er at desse ikkje vil vere i konkurranse med andre etablerte møteplassar)
  • å rekruttere, koordinere og formidle frivillige til ulike praktiske oppdrag
  • å kunne ta på seg oppgåver som kontaktfunksjon for 17. mai-komiteen i Volda sentrum, koordinering av Tv-aksjon, kommunal frivilligpris med meir
  • drift og finansiering av BUA-sentralane
  • etablering og oppfølging av frivilligforum
  • å søke midlar til ulike aktivitetar og tiltak

 

Frivilligforum

I 2024 etablerte frivilligsentralane Volda Frivilligforum, ein møtestad der frivillige lag og organisasjonar i heile kommunen kan drøfte felles saker og bli betre kjende. Vi jobbar no med ei samhandlingsplattform for Volda kommune og frivillig sektor (frivilligplan / temaplan). Begge desse prosessane har som mål og verkemiddel å styrke samarbeidet mellom sentralane, kommunen og det frivillige livet i kommunen.

Ressursgruppe

Etter forskrift frå staten er det sett ned ei ressursgruppe,som skal fungere som eit rådgjevande organ for dei tilsette i sentralane. Dette for å sikre god kjennskap til og kontakt med frivillig sektor.  Gruppa består førebels av Gunnar Andenes, Bente Engeseth, Reidunn Otterdal og Mona Helen Kile, som samla har svært brei kontaktflate med Volda-samfunnet.

Ein føresetnad for at vi skal nå ut til alle krikar og krokar er at vi til ei kvar tid har oppdatert kontaktinformasjon for alle lag og organisasjonar, og dette er ei oppmoding:  Når årsmøtet er ferdig, send oss informasjon om nytt styre.

Ta kontakt med oss om du har noko på hjartet!

 

Kontaktinformasjon: 

Volda frivilligsentral - kontor på Volda rådhus, gateadresse Stormyra 2, 6100 Volda.  

Stillinga som dagleg leiar ved Volda frivilligsentral står per i dag vakant. 

 

Hornindal frivilligsentral har kontor på Smia i Hornindal, gateadresse Ytrehornsvegen 8, 6761 Smia.  

Dagleg leiar har ordinær kontortid kl. 08.00-15.30 måndag- fredag, men er fleksibel etter behov. 

Kristine Sofie Orheim Hansen

Telefon: 41512813

Epost: kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no