I 2024 starta Volda frivilligforum opp med støtte frå Sparebanken Møre. Forumet skal fungere som ein samhandlingsarena for frivillig sektor i Volda kommune, der alle lag, organisasjonar, frivillige og andre interesserte er velkomne.
Forumet har 4 treff i året og er koordinert av frivilligsentralane. Dei ulike møta har ulike tematikkar, og kan innehalde for eksempel kurs, informasjon og workshops, i tillegg til presentasjonar av ulike frivillige organisasjonar.
Invitasjon til møtene vert sendt ut via e-post til dei organisasjonane vi har adresse til. I tillegg har vi ei facebook-side der frivillige kan dele informasjon, spørje om råd og elles leggje ut informasjon som er relevant for frivillig sektor i kommunen. Alle frivillige i Volda kommune kan bli medlem av denne gruppa. Du finn den ved å søkje etter Volda Frivilligforum, og send medlemsforespørsel.