Fastlegekontor
Volda kommune har to fastlegekontor. På dagtid kan du også få time til øyeblikkeleg hjelp på legekontora.
Bytte fastlege
Fastlegane kan etter avtale gi tilbod om videokonsultasjon. Du vil då få tilsendt ein lenke på sms som du kan opne på smarttelefonen eller nettbrettet ditt. Du må identifisere deg med BankID og blir sendt til eit digitalt venterom til legen er klar. Det blir oppretta ein sikker, kryptert videosamtale mellom deg og fastlegen.
Hornindal helsesenter
Hornindal helsesenter har telefon 57 87 98 70
Adresse: Grøddesvegen, 6763 Hornindal
På Hornindal helsesentere finn du også Hornindal helsestasjon. Merk at alle som skal ha kontakt med helsestasjonen i Volda kommune skal ringe 70 05 88 20.
Legevakt
Legevakta er på Søre Sunnmøre legevakt i Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda. Inngang på oversida, i same bygg som Politiet held til. Ring 116117 og gjer avtale. Ved akutte livstrugande hendingar, ring medisinsk nødnummer 113.
Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre med Volda kommune som vertskommune. Det varierer mellom kommunane kva tenester dei har gjennom Søre Sunnmøre legevakt.
Kommuneoverlege
Kommuneoverlegen har ei rådgjevande og administrativ rolle innan helse- og legetenester.
Kommuneoverlegen har ansvar for legetenester i kommunen. Dette omfattar fastlegar, legevakt, sjukeheimslegar og helsetasjonslegar.
Smittevern og miljøretta helsevern
Kommuneoverlegen har også ansvaret for smittevern og miljøretta helsevern.
Godkjenning av verksemder
Kommuneoverlegen fører tilsyn med og godkjenner verksemder som blant anna skular, barnehagar, solarium og tatoveringsstudio. Godkjenninga av skuler og barnehagar inkluderar vurderingar av sikkerheit ute og inne, hygieniske forhold, luftkvalitet, reinhald, helsemessig beredskap m.m.