Oppigarden barnehage er ein kommunal barnehage som vart starta opp i 1980. Barnehagen ligg sentralt til like ovanfor Volda sjukehus og Voldaportalen.
Vi har ein stor og flott naturtomt som gir moglegheit for fysiske utfordringar for store og små barn og kort avstand til flotte turmål i nærområdet.
Barnehagen har 4 avdelingar for barn i alderen 0-6 år. Solstova og Trollstova har barn frå alderen 1-3 år, og Revehiet og Bjørnehiet har barn frå alderen 2-6 år.
Ta kontakt med barnehagen for meir informasjon.
E-post til barnehagen: styrar.oppigarden@volda.kommune.no