Finansmoglegheiter

Når det gjeld finansieringsmoglegheiter, er hovudregelen at oppussing eller ombygging blir finansiert gjennom eigne midlar eller lån frå privat bank.

Det finst likevel nokre støtteordningar, og her er litt informasjon om desse som kan hjelpe deg med å finne ut om dei er aktuelle for deg.

Du kan lese om Husbanken sine ordningar her.

Her kan du lese om ulike ordningar frå nav.

Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Husbanken har fått ei ny tilskotsordning for deg som vil gjere bustaden meir eigna for å bu heime når du blir eldre.

Er du over 62 år, eller bur saman med nokon som er det, kan du søkje om støtte til aldersvennleg oppgradering av bustaden. Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene, og maksimalt 75 000 kroner.

Tiltaka må koste minst 40 000 kroner, og du må søkje før arbeidet startar. Tilskotet blir utbetalt etter at arbeidet er ferdig og betalt.

Målet med ordninga er å gjere det enklare og tryggare å bu heime lenger, også når behova endrar seg.

 

Startlån

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp og utbetring av bustad, og som ikkje har moglegheit til å spare.

Les meir om denne ordninga på Husbanken sine nettsider

Korleis søker du?

Du kan søke fullelektronisk eller ved å laste ned skjema som du så sender inn til oss. 

 

Lån fra Husbanken til å oppgradere bolig

Du kan søke om lån frå Husbanken til å oppgradere boligen din. Hovudregelen er at oppgraderinga skal vere so omfattande at det både reduserer energiforbruk og aukar tilgjengelegheita betraktelig.

Les mer om lån til oppgradering på husbanken.no 

 

Tilskot i staden for rampe, heis eller løfteplattform

NAV Hjelpemiddelsentralen kan gi tilskot til varig utbetring og tilrettelegging av bustad. Tilskotet erstattar behovet for mellombelse hjelpemiddel som rampe, trappeheis og/eller løfteplattform.

For å få tilskotet må brukaren oppfylle vilkåra i folketrygdlova for å få heis og/eller rampe. Dersom du har rett på eit av desse hjelpemidla, kan du få tilskot tilsvarande den summen hjelpemiddelet opphavleg ville ha kosta.

Les meir om ordninga på NAV si heimeside