Flytte eller bli buande?

 

Bustaden din skal passe livssituasjonen du er i no, og den du kjem til. 

For mange er det vanskeleg å bestemme seg for om ein skal flytte eller bli verande. 

På denne sida har vi prøvd å samle nokre tips som kan vere til hjelp i prosessen mot ei avgjerd.

 

Sjå heftet med tips til deg som vurderer å kjøpe bustad (PDF, 464 kB)

 

Verdt å tenke gjennom

Eit godt råd i prosessen mot ei avgjerd er å sette opp ei liste over fordelar og ulemper ved å flytte eller bli buande. Spørsmåla nedanfor kan vere til hjelp på denne vegen.

Tenk langsiktig

Ein bustad bør fungere i ulike livsfasar. Vurder om bustaden din framleis vil vere praktisk dersom livssituasjonen din endrar seg. Det kan òg vere lurt å tenkje over kva alternativ du har for å handtere vedlikehald av hus og hage.

Nabolaget

Kva er viktigast for deg i nærmiljøet? Er det nærleik til aktivitetar, vener og familie, natur eller byliv? Hugs at det er kvardagar det er flest av – trivst du i området på ein heilt vanleg dag?

Transport

Kva alternativ har du for å kome deg til butikk, aktivitetar eller for å besøke vener og familie dersom du ikkje lenger kan køyre bil sjølv? Det kan vere verdt å undersøke kollektivtilbodet eller andre transportløysingar i området.

 

  • 5 tips når du skal bytte bustad

    1. Verdivurdering

    For å få eit inntrykk av kva bustaden din er verd, kan det vere lurt å starte med å bestille ei verdivurdering frå ein eigedomsmeklar. Dette kan vere nyttig slik at du veit om lag kor mykje du kan bruke på å kjøpe ny bustad.
    Dei fleste eigedomsmeklarar tilbyr ei slik verdivurdering gratis.

    2. Bank/finansiering

    Etter at du har fått ei verdivurdering av noverande bustad, kan det vere lurt å avtale ei rådgjevingssamtale med banken din. Saman kan de vurdere behovet for ekstra finansiering eller lån.

    3. Finn draumebustaden

    Som regel klarer ein ikkje å oppfylle alle ønskje i ein ny bustad. Tenk derfor gjennom kva som er viktigast for deg, og sett gjerne opp ei "må ha"-liste og ei "kjekt å ha"-liste over ønskje i den nye bustaden.

    Gå på visingar. Sjølv om du ikkje har planar om å kjøpe akkurat den bustaden, kan det hjelpe deg med å sjå kva moglegheiter som finst i marknaden og gjere det lettare å finne ut kva du ser etter.

    Legg gjerne inn ei ønskjeliste hos ein eigedomsmeklar på typen bustad du er på jakt etter. Dei tek då kontakt med deg når dei har noko aktuelt for sal.

    4. Selje

    Når du er klar for å selje bustaden din, ta kontakt med ein eigedomsmegler. Dei kan hjelpe deg vidare i prosessen.

    5. Flytte

    Eit nytt kapittel byrjar. Treng du flyttehjelp, kan du kontakte eit flyttefirma eller spørje eigedomsmeklaren din om råd. Dei har ofte kontakt med ulike samarbeidspartnarar.