Som frivillig hos oss får du kurs, opplæring, ivaretaking, motivasjon og rettleiing. Gjennom samtale og intervju saman med frivilligkoordinatorane vil vi finne ei god kopling etter fellesinteresse som fører til dobbel glede, ein vinn-vinn situasjon.
Som frivillig kan du
- Bli kjent med pasient/brukar
- Lese aviser eller bøker
- Kafébesøk, konsert eller kino
- Gå tur både inne og ute
- Song, musikk eller liknande
- vere aktivitetsven for ein person med demens
- vere tur- eller sykkelven
… og mykje meir
Alle som vil kan vere frivillig hos oss. Ein kan kome som ein er, aleine eller saman med andre. Felles for aktivitetane er at dei skal vere lågterskel og med fokus på positive opplevingar.