Sosiale møteplasser, hobby og interesser - Senior i Volda

Sosiale møteplasser, hobby og interesser

Vi har alle godt av å kome oss ut og treffe andre. Vi har samla informasjon om nokre av møteplassane i kommunen der du kan kome i prat med folk. Kanskje finn du nokon med same interesser som deg, eller nokon det kan vere interessant å snakke med?

Rebecca Vikene

 

Musikk og dans

Volda demenskor

Eit kor der musikkglede, samhald og openheit er sentralt.

Volda Demenskor vart etablert i 2023 gjennom eit samarbeid mellom Nasjonalforeningen Hornindal demensforeining, Volda kommune, Høgskulen i Volda og frivillige lag og organisasjonar. Koret er leia av musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser og dirigent Ingrid Vik Henriksen.

Vi har korøvingar måndagar kl. 17-19 i musikkrommet på nye Volda ungdomsskule, Røysbakken 35. Korøvingane vert avslutta med eit felles måltid, der ein samlar koristar, pårørande og frivillige rundt bordet. 

Å synge saman byggjer fellesskap og glede, og er ein flott aktivitet for personar med demens. Mange pårørande er også med og syng i koret, saman med andre frivillige. 

Volda seniordans

Volda seniordans vart stifta i 2005. Vi har i dag 37 danseglade medlemmer, men vi har alltid plass til fleire. Vi møtes kvar fredag kl 11.30 til 13.30 på Campus arena. Vi samarbeider godt med Ørsta så danseglade frå Ørsta er med på øvingane våre og Volda reiser til Ørsta. Bli med til hyggelig dans i lag med oss.

Kontaktperson og meir informasjon finn du her

 

Voldabadet

Siste innslepp er 45 min før stengetid. 
Alle fasiliteter i bassengområdet stenger 15 min før anlegget stenger. 
Ein skal vere ute av anlegget/garderobene ved oppgitt stengetid.  

Oversikt over publikumstidene og meir informasjon på Voldabadet sine nettside:

Voldabadet

 

Varmtvassbasseng

Det er Volda/Ørsta Revmatikerforening som tilbyr aktivitetar i varmtvassbassenget i Volda.

Du kan sende e-post til voldaorsta@1revmatiker.no eller på telefon 97 30 52 78

Heimesida til Volda/Ørsta Revmatikerforening: 

Volda/Ørsta Revmatikerforening

 

Trening

Seniortrim i Honndalshallen

Styrketrening for både menn og kvinner over 50 år

Aldersgruppe: Fra 55 år

Dette er eit svært populært tilbod for dei over 50 år. Vi samlast i dansesalen i Honndalshallen kvar tysdag kl 10, for ein time med styrke- og balansetrening.

Økta er leia av motiverte og engasjerte frivillige.

Det er gratis å delta, og krev ingen forkunnskap!

Vel møtt!

  Trimmen 55+

 

Sosialt samvære

Seniortreff

På Smia i Hornindal kan du vere med på seniortreff kvar onsdag kl. 15-17 (vi føl skuleåret).  

Frivillige vertar byr på kaffi/te og litt å bite i, og du får oppleve god prat og variert program. Oversikt over programmet finn du på fb-sida til Hornindal frivilligsentral som har ansvar for seniortreffet. 

Kom og bli med! Har du lyst å vere med som frivillig vert? Ta kontakt med Hornindal frivilligsentral.  

 

Karatreff

Ein lågterskel møteplass for alle karar som har lyst å treffast over ein kaffiskvett. Her går praten lett om både gamle og nye dagar når dei treffast i varmestova ved Hornindal skisenter. 

Måndagar kl. 12-14.

 

Røde Kors kafe

Røde Kors-kafeen i Volda er open kvar tysdag frå 11-00-12.30, med unntak av juni, juli og august, Kafeen held til i Røde Kors huset i Volda

 

Senioruniversitetet

Senioruniversitetet for Volda og Ørsta er ein organisasjon som tilbyr førelesningar, studier og sosiale aktivitetar for seniorar. 

 

Dagkino/seniorkino

Volda Filmteater

Volda Filmteater har eit samarbeid med Volda pensjonistlag om seniorkino ein gong i månaden. Pensjonistlaget står for kaffe og kaker frå kl 13.00, filmvising frå kl 15.00. Desse visningane skjer som regel den tredje onsdagen i månaden. 

Ørsta kino 

Ørsta kino arrangerer dagkino inkludert servering av kake og kaffi/te kvar måndag, med nokre få unntak. Filmane dei viser er kvalitetsfilmar i ulike sjangrar, som passar eit vakse publikum. 

Her finn du alltid oppdatert måndagsprogram

 

Manglar det eit tilbod?

Har du eit tilbod du ønskjer skal bli nemnt på denne sida?

Send inn