Trim og trening - Senior i Volda

Trim og trening

Trening og mosjon er viktig same kor gammal du er, men kanskje spesielt viktig er det å trene når du blir eldre for å oppretthalde muskelmasse og halde deg i form. Men ikkje minst kan det vere moro og sosialt å trene saman med andre! Under har vi samla ulike tips til trening og informasjon om tilbod i kommunen. Vi håpar du finn noko som passar for deg

Tips og inspirasjon til fysisk aktivitet

Kvart einaste minutt ein rører seg, gir helsegevinst. For vaksne over 65 år er ca 20 minutt om dagen nok. Dei som har ein stillesittande kvardag, må vere endå meir aktive elles. Det er ikkje nødvendig å trene hardt for å få betre helse, all fysisk aktivitet tell. Små grep i kvardagen kan ha stor betydning. 

For gode tips og inspirasjon til fysisk aktivitet, sjå her:

 Trening og fysisk aktivitet - Helsenorge

Forslag til treningsprogram:

65+ ØVELSAR som held deg i form: 65+ øvelsar - Helsedirektoratet

Øvelsar for å FØREBYGGE FALL, for deg som: Fallførebyggande øvelsar - Helsenorge

  • Er litt ustø når du går. 
  • Brukar hjelpemiddel når du går. 
  • Må trene i sittande.  

 

For deg som trenar frå før, og treng MEIR UTFORDRING: Styrketreningsøvelsar - Helsenorge

 

Kom i gang med heimetrening!

Når du blir eldre aukar faren for å falle. Styrke- og balansetrening er difor viktig - og det er viktig at du trenar riktig. Helsedirektoratet har utvikla eit gratis kurs kor du får BASIS-kunnskap om kvifor det er så viktig å trene, korleis du kan trene på eigahand, samt forslag til øvelsar du kan gjere. 

Gå inn på nettsida for å starte kurset: Basis heimetrening

 

Treningssenter 

Sporty treningssenter

Treningssenter finn du fleire stadar i Volda. Kontakt aktuelt senter for meir info. 

På senteret kan du trene sjølv eller delta på gruppetilbod for godt vaksen, sjå her for meir info: Godt vaksen

Crossfit Senior

CrossFit Senior er eit lavterskeltilbod for deg som vil kome i form, og oppretthalde god helse. På timane er det fokus på styrke, mobilitet og kondisjon. I tillegg til trening vil det vere fokus på det sosiale. 

Sjå her for meir info om tilbodet: Crossfitvolda - Senior

Honndalen Gym: 

Treningsenter lokalt i Hornindal.

Sjå her for kontaktinformasjon og aktuelle tilbod for eldre: Honndalengym

 

Symjing

Voldabadet

Siste innslepp er 45 min før stengetid. 
Alle fasiliteter i bassengområdet stenger 15 min før anlegget stenger. 
Ein skal vere ute av anlegget/garderobene ved oppgitt stengetid.  

Oversikt over publikumstidene og meir informasjon på Voldabadet sine nettside:

Voldabadet

 

Varmtvassbasseng

Det er Volda/Ørsta Revmatikerforening som tilbyr aktivitetar i varmtvassbassenget i Volda.

Du kan sende e-post til voldaorsta@1revmatiker.no eller på telefon 97 30 52 78

Heimesida til Volda/Ørsta Revmatikerforening: 

Volda/Ørsta Revmatikerforening

 

Tips til turar og friluftsliv

Moroturar i Volda:  Morotur.no

Stikk ut turar i regi av Friluftsforeninga: Friluftsraadet.no

Kløverturar i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening: En trygg og god alderdom | Kløvertur

Kontakt ditt lokallag for meir info: 

 

Trening

Seniortrim i Honndalshallen

Styrketrening for både menn og kvinner over 50 år

Aldersgruppe: Fra 55 år

Dette er eit svært populært tilbod for dei over 50 år. Vi samlast i dansesalen i Honndalshallen kvar tysdag kl 10, for ein time med styrke- og balansetrening.

Økta er leia av motiverte og engasjerte frivillige.

Det er gratis å delta, og krev ingen forkunnskap!

Vel møtt!

  Trimmen 55+

 

Manglar det eit tilbod?

Har du eit tilbod du ønskjer skal bli nemnt på denne sida?

Send inn