Om Senior i Volda
For mange vil pensjonisttilværet vare nesten ein tredjedel av livet. For at du som innbyggjar skal kunne halde deg aktiv, delta saman med andre og bu heime så lenge som mogleg, oppmodar vi deg til å planleggje litt.
På denne nettstaden har vi derfor samla informasjon og inspirasjon om kva som kan vere lurt å tenkje på for deg som senior.
- Kor og korleis vil du bu?
- Kva vil du fylle tida med?
- Nyttige tips for ein betre kvardag
Vi håpar dette kan hjelpe deg med å setje i gang nokre prosessar, slik at du kan planleggje for eit best mogleg liv som senior i Volda!
Helse og omsorg i Volda kommune
På heimesida til kommunen finn du informasjon om helsetenester, sjukeheimsplassar og heimetenester
Fleire kommunar i landet har lage eigne informasjonssider for eldre, der det er henta inspirasjon frå kampanjen til Aldervennlig Norge.
Du finn meir informasjon på nettsida til Aldersvennlig Norge.