Meld frå om uro kring skulemiljø

Meld frå om uro kring skulemiljø

Melding om uro kring skulemiljø

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

For å nå visjonen vår arbeider skulane, i dialog og samarbeid med dei føresette, for å skape gode og trygge skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Vi har nulltoleranse mot krenkande handlingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Er du uroleg for skulemiljøet?

Meld frå om uro kring skulemiljø

Informasjon om barnehage- og skolemiljø

 

Retningslinjer ved krenkande åtferd

Vi har retningslinjer for korleis ein skal handsame saker der skulen får mistanke om eller vite om krenkande åtferd. Dei same retningslinjene gjeld dersom skulen får melding om at ein ønskjer tiltak knytt til det fysiske eller psykososiale skulemiljøet.

Samarbeid mellom heim og skule

Samarbeid mellom heim og skule er nødvendig og svært viktig i saker som vedkjem eleven sitt skulemiljø. Føresette er representerte i skulemiljøutvala og medverkar på den måten til å fremje gode miljø ved skulane. I tillegg legg skulane til rette for god kommunikasjon med dei føresette i konkrete elevsaker.

Mobbeombodet i Møre og Romsdal

Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skulen.

Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gje støtte og rettleiing til barn, elevar og foreldre som står i vanskelege situasjoner. I tillegg arbeider mobbeombodet med førebygging og bidreg gjerne med kurs og føredrag på ulike område.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Mobbeombodet har teieplikt.

Slik når du oss:

Tlf.: 71 28 04 33 / 91 14 02 59

E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Du kan følgje mobbeombodet på Facebook: www.facebook.com/mobbeombodetmr

For meir informasjon om mobbeombodet, sjå www.mrfylke.no/mobbeombodet