Pårørande

Pårørande

Pårørande ved demens

Er du pårørande til ein person med demens ?  

Hukommelsesteamet i kommunen er eit tverrfagleg team som er organisert under heimetenesta. Teamet består av sjukepleiar, ergoterapeut og den enkelte brukar sin fastlege. Ein kan ta direkte kontakt med hukommelsesteamet på telefon, eller be fastlege eller helsepersonell hjelpe til med å ta kontakt. Tenesta vert primært utført måndagar mellom kl. 8.00-16.00, med unntak av høgtidsdagar.

Hukommelsesteamet i Volda kommune:

  • Gjev råd og rettleiing til personar med demens og pårørande til personar med demens.
  • Utfører kartlegging og utgreiing i samarbeid med fastlege
  • Utfører heimebesøk
  • Har oppfølging av pasient og pårørande
  • Har kunnskap om kommunale tenester og aktuelle hjelpemiddel og kan hjelpe til med å søke på desse.
Pårørande ved rus- og psykisk helse

Sjå eiga nettside her under Rus og psykisk helseteneste.

Pårørande ved kreft
Pårørande til personar med funskjonshemming

Å være pårørande til ein person med nedsett funksjonsevne kan innebere både psykiske og fysiske påkjenningar. Under finn du lenkar til rettigheiter og støtteordningar til foreldre, søsken og barn som pårørande.

Kommunen skal tilby pårørande som har særlig tyngande omsorgsarbeid:

  • Opplæring og rettleiing
  • Avlastningstiltak  
  • Omsorgsstønad

Mange pårørande har god kunnskap og erfaring med kva som fungera og ikkje. Likevel kan ein vere usikker og ønske snakke med fagpersoner om omsorgsoppgåvene. Opplæring og rettleiing kan for eksempel innebere å lære korleis ein kan hjelpe til med tøying og trening heime, regulering av diabetes eller kva kommunikasjons- og handlingsverktøy som kan være nyttig ved uønska åtferd.

Barn som pårørande