Ny nettsideportal for Bratteberg barnehage

Ny nettsideportal for Bratteberg barnehage

Bratteberg barnehage vart kommunal 1. august 2021 og har fått ny heimeside.

I samband med innføring av ny heimesideløysing i Volda kommune i 2018, har barnehagane teke i bruk same løysing.

Dette skal i størst mogleg grad sikre at du som brukar får alt samla på éin og same stad, slik at du alltid skal finne den informasjonen du treng om våre barnehagar.

Innhald på sida er under utvikling, slik at det vil verte lagt til meir informasjon fortløpande. 

Generell og overordna informasjon om barnehagetilbodet i kommunen finn ein framleis i fanekategorien barnehage og skule på Volda kommune si heimeside.

Er det informasjon om den einskilde barnehagen du saknar, ta gjerne kontakt med styraren i den aktuelle barnehagen.

Kommunale barnehagar