Barnehageplass

Barnehageplass

I Volda er det totalt 14 heildagsbarnehagar spreidd utover heile kommunen. Av dei er det åtte kommunale barnehagar og seks private barnehagar

Det er felles søknad og samordna opptak til alle barnehagane.

Foreldre som skal søke barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruke denne lenka:  Søknad om plass

Når plass er tildelt, kan de gjere endringar via foreldreportalen.

Ved søknad om overflytting til anna barnehage eller endra plasstype, må de søke via foreldreportalen til Vigilo.

Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC, nettbrett og smarttelefon.

Lenke til foreldreportalen

Meir informasjon om Vigilo finn de her: Kom i gang med Vigilo som forelder.

Dersom det er spørsmål om plass i barnehage før oppstart av nytt barnehageår, ta direkte kontakt med barnehagen.

Kven kan søkje om barnehageplass
  • Nye søkarar
  • Alle som ynskjer endring av plasstype eller overflytting til ein annan barnehage
Rett til barnehageplass

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller 1 år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. 

Dersom barnet fyller 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august.

Barn som fyller 1 år i løpet av september, oktober eller november månad har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. 

Søkje om barnehageplass - nye søkarar

Foreldre som skal søke barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruke eiga lenke: 

 Søknad om plass

Når plass er tildelt, kan de gjere endringar via foreldreportalen.

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Søkje om overflytting eller endra plasstype i barnehage

Ved søknad om overflytting til anna barnehage eller endra plasstype søkjer du via foreldreportalen til Vigilo:

Foreldreportalen

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten (BankID eller MinSide).

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Stadfeste barnehageplass

Dersom føresette har registrert mobilnummer i søknaden, vil ein få SMS med tilbod om plass. I meldinga vil det og vere opplyst om svarfrist. 

Når du har fått tilbod om barnehageplass, må du takke ja eller nei til tilbodet innan svarfristen.

Stadfeste barnehageplass

Seie opp barnehageplass

Dersom barnet sluttar i barnehagen, er det 1 månads oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad i dei kommunale barnehagane.

Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida. Ved oppseiing etter 31.mars, må ein betale ut barnehageåret.

Seie opp barnehageplass

OBS: For oppseiingstid i private barnehagar, sjå barnehagen sine eigne vedtekter.

 

Manglande betaling - oppseiing frå kommunen

Kommunen kan seie opp plassar det ikkje vert betalt for. Dei føresette får melding om oppseiing med 1 månads frist. Uteståande foreldrebetaling vil elles verte lagt til grunn som avslag på plass ved seinare opptak.

 

Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Volda kommune (PDF, 147 kB)

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 91 19 45 98