Med sikker dialog meinar ein kommunikasjon via kanalar som vert å rekne som sikre. Digitalt er dette kanalar der ein krev ID-autentisering gjennom ID-porten (BankID, BuyPass, MinID) for å få tilgang til dokument. Kommunen nyttar «Svar Ut»-forsendelse, brev frå denne kanalen er knytt opp mot person/organisasjonsnummer og hamnar i borgar/bedrift sin Altinn eller digitale postkasse (e-boks eller Digipost).
Du kan svare på brev frå Volda kommune med å bruke eDialog, og du kan også nytte eDialog dersom du ønsker å ta kontakt med kommunen på ein sikker og trygg måte sjølv om du ikkje har fått brev frå oss først.
Brevpost vert også rekna som ein sikker kanal, men kommunen ser det mest føremålstenleg å nytte digital forsending. Brevpost vert særskild nytta viss personar er reservert i kontaktregisteret. Ved behov for ekstra sikker sending, som t.d. brev med svært sensitive opplysningar vert det nytta rekommandert brev.
E-post, usikra chat (t.d. Messenger) etc. krev ikkje autentisering, og vert å rekne som usikker dialog. Kommunen vil ikkje sende frå seg sensitiv informasjon gjennom slike kanalar.