Kommunene på Søre Sunnmøre (Sjustjerna) har i fellesskap gått til innkjøp av nytt komplett oppvekst- og administrasjonssystem.
Det nye systemet er Vigilo, og skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.
Kommunen tek i bruk Vigilo frå 01.08.2023. Vigilo erstattar da Edlevo.
Kva er Vigilo? 
Vigilo er eit heilskapleg system, der det er enkelt for deg å ha oversikt over all informasjon om dine barn. Dette er uavhengig av om barna går i barnehage, skule/SFO.
Her har ein samla meldingar, nyhende, fråvær, vurderingar, samtykke, søknadar med meir, på same stad.
Kommunen kan og ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og handtere faktura for plass i barnehage og SFO.
Digital kommunikasjon 
Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.
Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak innlogging, og erstattar foreldreappen Edlevo og mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost.
Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).
I appen Vigilo kan du:
	- lese og sende meldingar
 
	- lese nyhende
 
	- melde fråvær
 
I nettleser kan du i tillegg:
	- fylle ut samtykke
 
	- fylle ut helseopplysningsskjema for barnehage
 
	- søke om permisjon frå skule
 
	- søke om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO
 
	- søke og endre plass i barnehage og SFO
 
	- melde deg på aktivitetar og møte
 
	- sjå timeplanen
 
	- sjå vurderingar
 
	- sjå fråværsoversikt
 
	- sjå merknadar
 
 
Du kan bruke foreldreportalen på alt utstyr som er på nett; telefon, PC/Chromebook og nettbrett.
Om de vil vite meir om Vigilo og deira system, så kan de lese meir her: https://vigilo.no/?
 
Frå 01.08.2023 kan de logge inn på foreldreportalen her: https://vigilo.no/volda/