Engeset barnehage

Engeset barnehage

Engeset barnehage er ein kommunal barnehage som vart opna 1. september 1989. Barnehagen ligg sentralt til og er plassert like ved Volda omsorgssenter og Røde Kors-huset.

 

Uteområdet er stadig i utvikling, og inneheld ulike leikesoner. Desse tek sikte på blant anna å stimulere til kreativitet og utforsking, motorisk leik, konstruksjonsleik og rolleleik. Våren 2023 vart uteområdet oppgradert og vi har fått tilført nye leikeinnstallasjonar og grillhytte.

 

Barnehagen har 4 avdelingar med barn i alder 0-6 år. Avdelingane vert sett saman utifrå alder på søkjarmasse.

Avdelingane våre heiter Avdeling Blå, Avdeling Gul, Avdeling Raud og Avdeling Grøn

Bemanninga vår består i hovudsak av 2 pedagogar og 1 fagarbeidar/assistent pr. avdeling.

Vi er praksisbarnehage for studentar på Høgskulen i Volda, og er godkjend lærlingbedrift for elevar som skal ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Dette er med på å gi oss oppdatering på nyare forsking og fagkunnskap, noko som aukar vår kvalitet.

Barnehagen held ope frå 07.30 - 16.30.

Kontaktinformasjon

Veronika Hennøen
Engeset barnehage
Gamle Engesetveg 9
6102 Volda

Styrar/kontor: +47 94 79 09 65  

Avdeling Gul: +47 91 84 47 11

Avdeling Blå: +47 91 75 90 48

Avdeling Grøn: +47 91 55 46 93

Avdeling Raud: +47 91 53 24 82