Om Folkestad barnehage

Om Folkestad barnehage

Folkestad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage for barn mellom 0 og 6 år. 
Barnehageåret 2023/2024 er vi no 18 barn.

Folkestad barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med gangavstand til fjøre, skog, skule og ferjekai. Barnehagen held til i same bygg som Folkestadtun, som er eldresenteret på Folkestad. 
Vi er ein Livsglede barnehage
Det vil sei at vi jamleg er med dei eldre på Folkestadtun, for å skape glade og meiningsfulle dagar med felles aktivitetar ilag.

Vi har eit heilt nytt og flott uteområde med ein leikeplass der barna kan utfolde seg motorisk på tvers av alder, modning og forutsetningar.
Rett utanfor porten har vi eit asfaltert område som egnar seg til sykling om vår, sommar og haust. 

Barnehagen samarbeidar mykje med skulen og vi nyttar gymsalen der så ofte som vi kan. 

 

Kontakt: styrar.folkestad@volda.kommune.no