Juebord
Hornindal frivilligsentral
Det var ei varm og koseleg stemning i Kyrkjelyddstova på onsdag, når Hornindal frivilligsentral sitt seniortreff inviterte til julemiddag.
Oppstryn urtemanufaktur leverte nydeleg juletallerken, servert av Mathilde, Susanne og Liva frå Valfaget Innsats for andre. Det var heimelaga riskrem til dessert, og premie til den som fann mandelen. Og som seg hør og bør på eit julebord, klang fleire kjende og kjære julesongar godt i rommet når dei 30 gjestane stemde i.
Frivilligsentralen vil rette ein stor takk til frivillige som hjalp til med både dekking, pynting, servering og rydding, og til Kyrkjelydsstova for god hjelp med lokale.