Volda kommune
Paul Ottar Tornes leia oss gjennom kvelden og viste korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i søknadsarbeid – eit tema som engasjerte mange.
Vidare fekk deltakarane høyre eit inspirerande innlegg frå Gunnar Andenes om arbeidet med Trivsel i sentrum, og Øyunn Iversen frå Tilskuddsportalen heldt eit nyttig og verdifullt kurs i korleis ein kan skrive gode søknadar og finne rett tilskot til prosjekta sine.
Dette var årets siste treff for Volda frivilligforum, og det vart ei flott avslutning på eit år med mykje engasjement og samarbeid. Neste år ventar nye, spennande tema og møteplassar for alle som bidreg frivillig i lokalsamfunnet.
Hurra for dei frivillige – og takk for all innsatsen de legg ned for andre!