Treng frivillige til julefeiring på Uppheim 24.des

Treng frivillige til julefeiring på Uppheim 24.des

Hornindal frivilligsentral og International Volda søker etter friillige som vil hjelpe til med julefeiringa på Uppheim. 

 

 

 

 

 

 

 

Med støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre ønskjer Hornindal frivilligsentral saman med International Volda å arrangere julefeiring på Uppheim 24. desember. 

Julefeiringa skal vere open for alle. Unge og gamle, studentar, flyktningar, aleine eller med familie, alle er velkomne!

Men for å få til dette treng vi di hjelp!  

Har du lyst å hjelpe oss med rigging og pynting lisje julaftan, eller med rydding og oppvask under festen? Kanskje du vil underhalde litt, eller stelle i stand aktivitetar for barna? Uansett blir vi veldig glade om du melder deg som frivillig her: Frivillig hjelp til julefeiring på Uppheim – Fyll ut skjemaet

Du kan melde deg som frivillig anten du vil vere deltakar på feiringa eller ikkje. Meir informasjon om feiringa, og påmelding til denne kjem seinare. 

Vi lovar god stemning, mange blide gjestar, litt kaos og god mat!