Om Lauvstad barnehage

Om Lauvstad barnehage

Lauvstad barnehage ligg i vakre Dalsfjorden,  på Vestsida av Voldsfjorden.

Slik finn du vegen :
Fergesamband Volda-Lauvstad (25 min) eller med bil/buss frå Vanylven (30 min. frå Syvde)

Lauvstad barnehage vart stifta i 1997 med ei avdeling for barn i alderen 0-6 år,   og var foreldreeigd fram til 2003 då barnehagen vart kommunal og slått saman med Dalsfjord korttidsbarnehage. 
Barnehagen dekkjer behovet for barnehageplass på vestsida av Dalsfjorden; frå Steinsvik i sør til Velsvik i nord som grenser til Vanylven kommune. Det har siste åra vore god vekst i barnetalet og vi er i endring og utvikling til beste for borna som har plass hjå oss. Vi organiserar grupper og avdelingar utifrå behov og variasjon i aldersgruppene.

Vi arbeider godt med overgangar i barnehagen og har eit veletablert  samarbeid med Dalsfjord skule som er kommunal og Ulvestad barneskule som er privat.

Naturen i Dalsfjorden er vakker, variert og med allsidige muligheiter. Vi har gangavstand til gode skogsområder, korte og lange fjellturar, sjø og fjøre. Barnehagen har eit stort og fritt uteområde.

Ferga er vi avhengige av som pendleveg for foreldre og for å nytte kulturtilbod i Volda sentrum.
Barnehagen tilbyd utvida opningstid pga pendling, jamfør kommunale vedtekter for barnehagar.

Kontakt: styrar.lauvstad@volda.kommune.no