TSG i Mork barnehage og skule

TSG i Mork barnehage og skule

TSG, Tverrfaglege samhandlingsgruppe i Mork barnehage og skule. Frå venstre; Ruxandra Raudøy (spes.ped.koordinator barnehage), Nina Vedeld Telseth (Styrar Mork barnehage), Monica Ertesvåg (Rektor Mork skule), Nina Ullaland (Barnevern), Marit Hovdenakk (PPT) og framme i front Palma Kristin Haavik (Helsestasjon)  

TSG er tverrfaglege samahandlingsgrupper som møtes 4 gongar i året for å drøfte og fange opp, avdekke behov for inkludering og tilrettelegging i barnehage og skulemiljø både fagleg og sosialt. Vi har fokus på systemperspektivet der vi ser på systemet, miljøet rundt barnet for å kunne forstå og møte barns behov og utvikling.

Saker til TSG kjem frå barnehage og skule og ein kan ha drøftingar kring eks. korleis barnehage og skule i samarbeid med heimen kan legge til rette for at barn får kvile i kvardagen,  korleis vi kan trygge føresette i foreldrerolla mm. Ut frå drøftingar set ein tiltak og slik prøve å styrke "laget" og systemet rundt og for barnet i barnehage og skule. Ein arbeider for ein raud tråd og samanheng i barns liv frå helsestasjon- barnehage og skule.