Mork barnehage- informasjon

Mork barnehage- informasjon

 

Om Mork barnehage

Mork barnehage er ein kommunal barnehage som vart opna 1.august 1989. Barnehagen ligg sentralt til på Mork like ved Mork skule.

Barnehagen har 4 avdelingar med barn i alder 0-6 år. Avdelingane vert sett saman utifrå alder på søkjarmasse.

Avdelingane våre heiter Solsikka, Blåbærtua, Tyttebærtua og Skogtrolla. 

Bemanninga vår består av 2 pedagogar og 1-2 fagarbeidar/assistent pr. avdeling.

Vi er praksisbarnehage for studentar på Høgskulen i Volda, og er godkjend lærlingbedrift for elevar som skal ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeid.

Dette er med på å gi oss oppdatering på nyare forsking og fagkunnskap, noko som aukar vår kvalitet.

Inne og uteområdet er stadig i fokus. Vi ynskjer å ha eit miljø som vekkjer undring, kreativitet og gjev borna gode sanseopplevingar. Vi er mykje ute og alle born har minimum ein dag i veka ein er på tur.

Vi har her eit fantastisk uteområde med fjøre:

 

Skog,mark og fjell:
 

Vi prioriterar å ha eit inspirerande leikemiljø både inne og ute i barnehagen gjennom heile året:

 

Barnehagen held ope frå 07.30 - 16.30.

Kontaktinformasjon

BLÅBÆRTUA: 48298821

TYTTEBÆRTUA: 90042709

SKOGTROLLA: 90552643

SOLSIKKA: 48235317

Styrar Nina Telseth: 97966527/ priv: +47 90 64 34 72

Mork barnehage

Morkavegen 54

6105 VOLDA