Beredskapskoordinator i Volda kommune, Sonja Håvik er på besøk hos Sverre Leivdal som viser fram delar av beredskapslageret sitt.
Volda kommune
Vi lever i ei tid der verda rundt oss endrar seg raskt. Ekstremvêr, straumbrot, svikt i mobil- og internettdekning eller andre hendingar kan gjere at kvardagen brått blir annleis. Difor er 2026 utnemnd til beredskapsåret – eit år der vi blir oppmoda til å tenkje gjennom korleis vi kan klare oss sjølve dersom noko uventa skjer. Det er totalforsvarsåret – dette går meir på at vi skal øve på å bli eit meir robust samfunn – vi skal øve på hendingar i øvre krisespekter (sikkerheitspolitiske kriser og krig). Eigenberedskap er ein viktig del av dette.
For dei fleste handlar eigenberedskap om enkle førebuingar. Målet er at du skal kunne greie deg i nokre dagar utan hjelp frå det offentlege. Då kan naudetatane og kommunen prioritere dei som treng hjelp aller mest.
Kva betyr eigenberedskap?
Eigenberedskap handlar om å vere litt førebudd. Dersom straumen går, vatnet blir borte eller telefonnettet ikkje fungerer, er det godt å ha det mest nødvendige heime.
Du treng ikkje kjøpe alt på ein gong. Mange har allereie mykje av dette i huset. Sjå gjennom det du har, og fyll på litt etter kvart.
Dette er lurt å ha heime
Drikkevatn
Vatn er det viktigaste. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at kvar person har om lag 20 liter vatn lagra heime. Bruk reine kanner eller flasker, og byt vatnet med jamne mellomrom.
Mat som held seg
Ha litt ekstra mat som kan lagrast lenge og er enkel å lage.
Det kan vere:
- knekkebrød og flatbrød
- havregraut og kornprodukt
- hermetikk
- supper på pose eller boks
- tørka frukt og nøtter
- syltetøy og pålegg med lang haldbarheit
- juice eller annan drikke
Vel mat du veit du likar og toler.
Medisinar
Dersom du bruker faste medisinar, er det lurt å ha litt ekstra dersom det er mogleg. Snakk med fastlegen eller apoteket dersom du er usikker på kva som er anbefalt.
Ha også eit lite lager med det du brukar mest, som smertestillande, plaster og sårutstyr.
Lys og varme
Ved straumbrot kan huset bli mørkt og kaldt.
Ha gjerne:
- lommelykt
- ekstra batteri
- stearinlys eller batteridrivne lys
- fyrstikker eller lighter
- varme klede, pledd og dyner
Bruk aldri grill eller kokeapparat som er laga for utandørs bruk inne i huset.
Matlaging
Har du ein gassprimus eller stormkjøken, kan du lage enkel mat sjølv om straumen er borte. Bruk slike berre på ein trygg stad med god ventilasjon.
Radio
Ein batteridriven eller sveiveradio gjer at du kan få viktig informasjon dersom internett og mobilnettet er nede.
Kontantar
Det kan vere lurt å ha litt kontantar heime. Ved straumbrot kan betalingsterminalar og minibankar slutte å fungere.
Tenk gjennom kvardagen din
Eigenberedskap handlar også om å tenkje gjennom kva du treng dersom noko skjer.
Spør deg sjølv:
- Kven kan hjelpe meg dersom eg treng det?
- Kven kan eg hjelpe?
- Har eg telefonnummer til familie og naboar skrivne ned på papir?
- Har eg ekstra briller, høyreapparatbatteri eller anna viktig utstyr?
Bur du åleine, kan det vere fint å avtale med ein nabo eller eit familiemedlem at de ser til kvarandre dersom straumen blir borte eller vêret blir svært dårleg.
Hugs kjæledyr
Har du hund, katt eller andre dyr, bør du òg ha litt ekstra mat og vatn til dei.
Små førebuingar gjer stor forskjell
Ingen veit når ei uventa hending kan oppstå. Ved å vere litt førebudd blir du tryggare, og du gjer det lettare for samfunnet å hjelpe dei som treng det mest.
Bruk gjerne beredskapsåret totalforsvarsåret til å gå gjennom det du har heime. Kanskje manglar du berre nokre få ting før du er godt førebudd.
For meir informasjon og oppdatert sjekkliste kan du besøkje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) på www.sikkerhverdag.no.