Bu trygt heimeEr du over 65 år – eller er du pårørande?Volda kommune inviterer til open temadag om korleis du kan leve eit godt og trygt liv heime – heile livet.Bu trygt heime i Volda kommuneÅrets temadag handlar om teknologi i kvardagenEr du over 65 år – eller er du pårørande?Volda kommune inviterer til open temadag om korleis du kan leve eit godt og trygt liv heime – heile livet.📅 Tysdag 14. april 2026🕚 Kl. 11.00–15.00📍 Uppheim🎟️ Gratis inngang ☕ Sal av mat i pausenKva handlar dagen om?Målet med temadagen er å gi inspirasjon og nyttig informasjon om korleis teknologi og gode løysingar kan bidra til ein trygg, aktiv og sjølvstendig kvardag i eigen heim.Program for dagen 11.00 Kulturinnslag v/ Demenskoret 11.15 Opningsord og agenda for dagen ved Elin Høydal Vatne og Svein Berg Rusten 11.30 Filmsnutt Teknologiske løysingar i kvardagen 11.40 Senteret for et aldersvennlig Norge v/ Olav Sæbø 12.20 Kulturinnslag v/ Einar Opsvik og Robert Løkketangen 12.30 Pause med stands og sal av mat ved Gnisten 13.30 Smarthusteknologi v/ Tussa Installasjon 14.00 Sprek på nett v/ Fred Igland 14.10 Velferdsteknologi v/ Karianne Sveen Orvik 14.25 Digital løysing for fysisk aktivitet 14.35 Digital heimeoppfølging v/ Søre Sunnmøre legevakt Programmet blir delt opp i to bolkar frå kl. 11.00-12.30 og frå 13.30-15.00.Gjennom dagen blir det stands med aktuelle forhandlarar, lag og organisasjonar, i tillegg til kommunale tenester. I pausa er det høve til å stille spørsmål, sjå og prøve ulike løysingar – og få rettleiing som er tilpassa dine behov. Kvifor delta?Å planleggje for ein trygg alderdom handlar om å ta gode val i tide. Med enkle teknologiske løysingar kan du:auke tryggleiken i eigen heimhalde kontakten med familie og venervere meir aktiv i kvardagenmeistre eigen helse betre Vi ønskjer velkomen til ein informativ og triveleg dag!Sjekk gjerne ut sida Senior i Volda Publisert 02.03.2026 10:37 Sist endra 07.04.2026 16:29