Influensavaksine og sesongvaksinering

Influensavaksine og sesongvaksinering

Måndag 9. november startar vi med sesongvaksinering. Det er framleis mogleg å bestille time, men vi tilbyr også drop-in på utvalde dagar.

Sesongvaksinering i Volda og Hornindal

Det er framleis mogleg å reservere time, det gjer du på Pridok booking eller på telefon 70 05 88 20. 

Du kan møte opp utan å ha bestilt time på førehand desse tidene:

Volda samfunnshus – Måndag 16. og onsdag 18. november

Kl. 10.00–11.30 og 

Kl. 12.30–15.00

Smia i Hornindal – Tysdag 17. november

Kl. 09.30–14.30

Velkomen!

I år ønsker vi at du bestiller time på nett, du kan både bestille til deg sjølv og på vegner av andre. 

Du kan møte opp til drop-in 16. og 18. november på Volda samfunnshus og 17. november på Smia.

På nett bestiller du time på Pridok booking. Timebestilling sikrar mindre ventetid. 

Treng du hjelp til å bestille, ring Volda helsestasjon på 70 05 88 20. 

På Pridok booking finn du tider for:

  • Måndag 9. november frå kl. 09:00-15:15 - Volda samfunnshus
  • Onsdag 11. november frå kl. 09:00-15:15 - Volda samfunnshus
  • Måndag 16. november frå kl. 09:00-15:15 - Volda samfunnshus
  • Onsdag 18. november frå kl. 09:00-16:15 - Volda samfunnshus
     
  • Tysdag 10. november frå kl. 09:30-15:00 - Smia i Hornindal
  • Tysdag 17. november frå kl. 09:30-15:00 - Smia i Hornindal
     

Korleis bestille på nett:

Vel kalender “Sesongvaksinering veke 46 og 47” for vaksinering på Volda samfunnshus. I Hornindal vaksinerar vi på Smia, dette ligg i eigen kalender kalla “Hornindal sesongvaksinering”. 

På vaksinedagane tilbyr vi influensa- og koronavaksine. Vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine) er i tillegg tilgjengeleg for dei som er fødde i 1960 og 1961. Reserver time i “vaksinar utanom reise” for andre vaksinar. 

Du kan lese om alle dei ulike vaksinene på Voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsenorge. Her står det kven som er anbefalt kva vaksinar, ut ifrå risikogruppe. Ved å vaksinere seg kan ein førebygge alvorleg sjukdom hjå seg sjølv og andre. OBS – ein er anbefalt lungebetennelsevaksine også når ein er over 65 år eller i anna risikogruppe. Ein kan bestille eigen time til dette på helsestasjonen eller legesenteret. 

Prisar vaksenvaksinasjon per september 2026:

  • Influensavaksine 308 kr
  • Pneumokokkvaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
  • Koronavaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
  • Øvrige vaksiner sjå Prisar på vaksine og konsultasjonar. 


Prisen kan endrast i tråd med prisanbefalingar frå FHI. Prisen inkluderar innkjøpspris på vaksina, utstyr og konsultasjonsavgift. 

Planlegg timen din på Pridok booking (du finn tilgjengeleg timar der). Dette gjeld også sesongvaksinering, under eiga timebok. 

Skal du ut og reise?

Det har vore fullt på reisevaksinering fram mot jul, men no har vi fått auka kapasiteten og har igjen ledige timar.

Treng du reisevaksine? Hugs å bestille time i god tid før avreise. På nett bestiller du time på Pridok booking eller ring oss på 70 05 88 20. 

Manglar du vaksiner? 

Vi tilbyr mellom anna oppfriskingsdose av vaksine mot stivkrampe, kikhoste, difteri og polio. Denne har dei fleste fått som barn, men er anbefalt å ta påfyll kvart 10. år då effekta går ut. Ved å ta denne vaksina sørgjer ein for flokkimmunitet i befolkinga. Nokre kan også ha behov for MMR-vaksine, men dei fleste i Noreg har to doser av denne eller naturleg immunitet etter gjennomgått sjukdom. Les meir om vaksinane på Voksne trenger oppfriskningsvaksine hvert tiende år - Helsenorge, og sjå prislista vår for fullstendig liste av vaksinar vi tilbyr. Ver vennleg å skrive kva vaksiner du ynskjer. Ved å bestille time samtykkar du til at vi kan ta eit søk på kva vaksiner du har fått, for å sikre at du treng vaksina. 

Ved spørsmål, ring oss på 70 05 88 20.