Karatreffen og karabandet
Kristine Sofie O. Hansen
Karatreffen i Hornindal, 10 år
Det var duka for feiring i Varmestova til Hornindal skisenter då Karatreffen inviterte til tiårs-jubileum denne veka. Dei frammøtte fekk servert både snittar og kake, tale, song og musikk, og praten gjekk lystig rundt borda desse to timane.
6. februar 2015 hadde eit knippe karar sitt første treff etter eit initiativ frå Nils J. Haugen og Kjell Nilsen. I samarbeid med Hornindal frivilligsentral etablerte dei ein uformell treffstad for godt vaksne karar, der dei kunne samlast rundt ein matbete, ein kopp kaffi og gode samtalar, utan mas frå kvinnfolka. I løpet av desse ti åra har det vore delt mange historiar frå farne tider, gamle saker og raritetar har vore vist fram, bileter og filmar har engasjert, og dikt og musikk har gleda dei som har vore med.
I dag er dei godt og vel 20 personar som treffast kvar mandag. Dei har ofte eit tema for dagen, og det er gjerne deltakarane sjølve som har med noko interessant å vise fram eller informere og prate om. Andre gongar får dei besøk utanfrå. For nokre år sidan etablert nokre av deltakarane eit “karaband” med både gitar, bass, trekkspel, munnspel og fløyte, og dei dreg lett opp til musikk og allsong til glede for alle som er med.
Karatreffen er ein viktig sosial treffstad som bidreg til å styrke samhaldet og ei betre psykisk helse blant menn i bygda. Dei har plass til deg også, om du ønskjer å vere med!