Om prosjektet Fleire digitale eldre
Volda kommune er ein av tre pilotkommunar i prosjektet Fleire digitale eldre, leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Målet er at fleire eldre skal kunne delta i det digitale samfunnet på ein trygg, sjølvstendig og aktiv måte. Gjennom utprøving av enkle og praktiske tiltak skal prosjektet bidra til auka digital kompetanse, meistring og inkludering. Erfaringane frå pilotkommunane skal danne grunnlag for løysingar som kan takast i bruk av kommunar over heile landet.
I prosjektet blir tre tiltak prøvde ut:
- Digital opplæring heime – individuell rettleiing i eigen heim.
- Digitale saman – sosiale møteplassar der deltakarane kan lære digitale ferdigheiter saman med andre.
- Bli digital – lån eit nettbrett – utlån av nettbrett slik at fleire kan øve i sitt eige tempo.
Tiltaka skal gjere det enklare å få hjelp på den måten som passar best for den enkelte. Nokre ønskjer rettleiing heime, andre lærer best saman med andre, medan nokre vil utforske digitale løysingar på eiga hand.
Pilotperioden varer i minst seks månader. Undervegs blir tiltaka evaluerte, og erfaringane frå kommunane skal bidra til å utvikle gode og varige tilbod som kan kome eldre til gode – både lokalt og nasjonalt.