Bli med som frivillig

I lokalsamfunna våre er det mange oppgåver som blir løyste av frivillige, og vi ønskjer også å ha deg med på laget! Frivillig arbeid er ikkje berre å gjere noko for andre, det er også å gjere noko for seg sjølv. Frivillig innsats kan gje deg eit større sosialt nettverk og nye vennskap, noko meiningsfullt å bruke tida på og kjensla av å vere til nytte. Du kan vere med på noko regelmessig, eller ta på deg småoppdrag når det passar for deg.

I Volda kommune har vi to frivilligsentralar i tillegg til frivilligkoordinatorar i eldreomsorga. Vi har noko ulike fokus, men likt for oss alle er at vi skal stimulere til og legge til rette for frivillig innsats, samstundes som vi ynskjer at alle skal kunne delta i ein eller fleire aktivitetar uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn.

Ynskjer du å vere frivillig? Ta kontakt med oss, så finn vi noko som passar for deg.

  • Frivilligsentral

    Frivilligsentralane i Volda kommune har kvar sin bakgrunn og kvar sitt arbeidsfelt.  

    Frivilligsentralen i Volda driv få eigne aktivitetar, men har eit stort kontakt-og samarbeidsnett. Volda kommune sitt rike organisasjonsliv treng mange frivillige, og det er ei av oppgåvene til frivilligsentralen å bistå deg med å finne den plassen du ynskjer i dette mangfaldet, anten du vil bidra praktisk eller sosialt. Etter endt arbeidsliv kan det å dele erfaring og kunnskap vere eit gode både for ein sjølv og andre.  Laurdagstiltaket vårt på Volda folkebibliotek, Lån ein volding, er eit slikt høve. Her kan du bistå med trening i norsk språk og deling av lokalkunnskap for nye voldingar med annan kulturbakgrunn.

    Hornindal frivilligsentral driv eit breidt spekter av aktivitetar for alle aldrar, både i eigen regi og i samarbeid med andre. Desse aktivitetane er avhengige av frivillige, og vi har alltid behov for fleire hender. Her kan du bidra med for eksempel matombringing, servering på seniortreff, underhaldning, besøksven, vakt på ungdomsklubben, reparasjon av tur-utstyr m.m.  Vi kan og hjelpe deg å kome i kontakt med frivillige lag og organisasjonar om du ynskjer det. Tar du kontakt med oss, vil vi i samråd med deg finne noko som passar for deg. Det er viktig for oss at du trivast med det du gjer som frivillig.

     

    Frivilligsentralane i Volda kommune

 

  • Frivillig i eldreomsorga

    Som frivillig hos oss får du kurs, opplæring, ivaretaking, motivasjon og rettleiing. Gjennom samtale og intervju saman med frivilligkoordinatorane vil vi finne ei god kopling etter fellesinteresse som fører til dobbel glede, ein vinn-vinn situasjon.

    Som frivillig kan du

    • Bli kjent med pasient/brukar
    • Lese aviser eller bøker
    • Kafébesøk, konsert eller kino
    • Gå tur både inne og ute
    • Song, musikk eller liknande
    • vere aktivitetsven for ein person med demens
    • vere tur- eller sykkelven

    … og mykje meir

    Alle som vil kan vere frivillig hos oss. Ein kan kome som ein er, aleine eller saman med andre. Felles for aktivitetane er at dei skal vere lågterskel og med fokus på positive opplevingar.

     

    Les meir om Frivillig i eldreomsorga