Nyttige tips for ein betre kvardag

Denne nettstaden er under arbeid. Meir informasjon kjem.

  • Sprek på nett

    Sprek på nett - gratis tilbod for å heve digital kunnskap

    Volda kommune tilbyr"Sprek på nett" - Eit nytt gratis tilbod for å gje deg kunnskap du treng for å kjenne meistring i møte med den digitale kvardagen.

    Tilbodet er heilt gratis, og utan påmelding! Det er heilt uforpliktande å delta!

    – I ei tid der digital teknologi blir stadig meir sentral i kvardagen vår, er det viktig at alle i samfunnet har naudsynte ferdigheiter til å kunne navigere i den digitale nye verda.   "Sprek på nett" er eit steg mot å sikre at ingen blir ståande utanfor den digitale utviklinga, seier Paul Ottar Tornes, leiar digitalisering i Volda kommune. 

    Kommunen har som mål å gje innbyggarane kunnskap og rettleiing for å kunne oppleve meistring og tryggleik i det digitale, både på data og mobil. 

    – Vi har søkt og fått støtte frå Kommunal- og distriktsdepartement, seier digitaliseringsleiar Paul Ottar Tornes. Formålet med stønadsordninga er å legge til rette for etablering av eit gratis lågterskel rettleiingstilbod for alle som har lita eller ingen digital kompetanse. Det betyr at alle som ønsker det vil få moglegheita til å kome på kurs for å få grunnleggande digital kompetanse, i tillegg til erfaring og tryggheit til å lære seg bruk av digitale tenester i eigen kvardag.

    Tilskotsordninga støttar opp om regjeringa og KS (Kommunesektorens organisasjon) si felles målsetting om å bidra til at alle innbyggarar skal ha tilgang til eit lågterskeltilbod innan digital kompetanse.

    Kursdatoar kjem snart

 

  • Kakadu forklarer

    Kakadu gir deg enkle steg-for-steg-oppskrifter for dei som har lite digital kompetanse, slik at du kan lære deg å bruke ulike tenester på nett – for eksempel å laste ned ein app eller bruke BankID.

    Prøv dei ved å følge denne linken (kakadu.no)

 

  • Slettmeg.no

    Dette er ei gratis råd- og rettleiingsteneste for deg som føler deg krenkt på nett. Tenesta kan òg hjelpe pårørande med å slette kontoar for avdøde.

    Du kan kontakte slettmeg.no via telefon, e-post, kontaktskjema eller sosiale medium.

    Les meir om korleis her (slettmeg.no) 

 

  • norge.no

    Her finn du ein vegvisar til digitale sjølvbeteningsløysingar frå stat og kommune.

    Du kan søkje opp tenesta du leitar etter, eller finne relevante tenester basert på livssituasjonen din.

    Bli kjent med norge.no her. 

 

 

  • Økonomi og fullmakter

    Framtidsfullmakt 

    Ei framtidsfullmakt gir deg moglegheit til å bestemme kven som skal hjelpe deg med økonomi og personlege forhold dersom du senere ikkje kan ta eigne beslutningar.

    Ei framtidsfullmakt er eit juridisk dokument der du gir ein person du stolar på rett til å handle på dine vegne. Det kan være eit familiemedlem, ein ven eller ein annen du har tillit til.

    Fullmakten trer først i kraft dersom du mister evnen til å ivareta dine egne interesser, for eksempel ved demens, sjukdom eller skade. Den fungerer dermed som et alternativ til at det offentlige oppnevner verge.

    Ei framtidsfullmakt kan innehalde:

    • Økonomi
    • Bustad og omsorg
    • Personlege forhold

     

    Mange vel å avgrense fullmakta til bestemte område, andre gir den breiare fullmakter. 

    Eksempel på mal: 

     

    Vil du vite meir om framtidsfullmakt?

     

    Banktenester utan internett

    Som kunde har du rett til å få utført banktenester utan å vere på internett.

    Sparebanken Møre har fleire tenester til deg som ikkje er digital

    Sparebank 1 SMN  tilbyr banktenester sjølv om du ikkje er digital

    Nordea har noko dei kallar seniorservice der du som er over 67 år eller eldre har tilgang til eit eige telefonnummer du kan nytte for å få hjelp og rettleiing

     

    Disposisjonsfullmakt

    Ei disposisjonsfullmakt er ein rett til å handle på vegne av ein annan person – typisk i forbindelse med bankkonto eller økonomiske disposisjonar

    Hvis du ynskje hjelp til å halde oversikt over bankkontoen din eller betale rekningar, kan du gi ein person du stolar på disposisjonsfullmakt i banken din. 

    Det betyr at du gir denne personen – ein disponent – tilgang til kontoen din gjennom sin eigen nettbank eller mobilbank. Disponenten kan då hjelpe deg med å betale rekningar og følge med på kva som går inn og ut av kontoen.

    Nedanfor finn du lenker til fleire bankar der du kan lese meir om korleis du gir andre fullmakt til å bruke kontoen din og hjelpe deg med betalingar.

    La ALDRI nokon andre bruke din private bank-ID

     

    Finansiering av bustad

    Kjøp, oppussing eller ombygging av bustad blir som hovudregel finansiert via eigne midler eller lån frå privat bank. Det fins likevel nokre støtteordningar.

    Startlån

    Startlån er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp og utbetring av bustad, og som ikkje har moglegheit til å spare.

    Les meir om startslån her

    Lån fra Husbanken til å oppgradere bolig

    Du kan søkje om lån fra Husbanken til å oppgradere bustaden din. Houdregelen er at oppgraderinga skal vere så omfattande at det både reduserer energiforbruk og aukar tilgjengeligheita betrakteleg.

    Les meir om lån til oppgradering på husbanken.no

    Tilskudd til rampe, heis eller løfteplattform

    NAV Hjelpemiddelsentralen kan gi tilskot til varig utbetring og tilrettelegging av bustad. Tilskotet erstattar behovet for helpemiddel som rampe, trappeheis og/eller løfteplattform.

    For å få tilskotet, må brukaren oppfylle folketrygdlova sine vilkår for å få heis og/eller rampe. Har du rett på eit av dei nevnte hjelpemidlane kan du få tilskot inntil det hjelpemiddelet opprinneleg hadde kosta.

    Les meir om ordnina på NAV.no si side