Bedriftsavtalar

Bedriftsavtalar

Vi tilbyr fleksible bedriftsløysingar for verksemder som ønskjer å gi dei tilsette tilgang til Voldabadet – med gode rabattar og løysingar tilpassa den enkelte bedrifta.

Behova viser seg å vere ulike frå bedrift til bedrift, og vi har difor ikkje éi fast oppskrift på korleis ei bedriftsavtale skal sjå ut. Saman finn vi ei løysing som passar dykk, både når det gjeld bruk, praktisk gjennomføring og betaling.

 

Døme på løysingar kan vere:

  • Årskort som ligg hos bedrifta og kan nyttast av dei tilsette.
  • Årskort som ligg i resepsjonen og er tilgjengeleg for dei tilsette.
  • Klippekort som fleire i bedrifta nyttar 
  • Alle tilsette nytter anlegget til rabattert enkeltbillett. Vi registrerer bruken og sender samla faktura til bedrifta kvar månad.

Dette er berre nokre døme – vi kan også tilpasse andre løysingar etter behov.

 

Interessert: Ta kontakt med dagleg leiar, solveig.storeide@volda.kommune.no, for ein prat om kva som kan passe for dykkar bedrift. 

Saman finn vi nok ei fleksibel og enkel løysing.

Fann du det du leita etter?