Voldabadet er reservert for elevar ved skulane i Volda på dagtid, og i stor grad VTI symjing på kveldstid.
Oversikt over publikumstidene:
Måndag:
06.30 - 08.00 Morgonsvøm
19.00 - 21.00 Publikumsbading
Tysdag:
17.00 - 20.00 Publikumsbading
20.00 - 21.00 Stup/døds, bassengleik
Onsdag:
16.00 - 17.30 Publikumsbading
20.00 - 21.00 Damesvøm
Torsdag:
06.30 - 08.00 Morgonsvøm
Ettermiddag forbeholdt til organisasjonar og lag. Stengt for publikum.
Fredag:
16.00 - 20.30 Publikumsbading
Laurdag og Søndag:
11.00 - 18.00 Publikumsbading
Siste innslepp er 45 min før stengetid.
Alle fasiliteter i bassengområdet stenger 30 min før anlegget stenger.
Ein skal vere ute av anlegget/garderobene ved oppgitt stengetid.
Publikumsbading:
Ope for alle med diverse chipband, eller dagsbillett.
Etterkvart som vi vert kjend med anlegget, og får meir oversikt over bruken, vil vi ha rimeleg fast system for når dei ulike fasilitetane er i bruk. Feks kan vi ikkje ha wibit vannhinderløype parallelt med stup/døds. I innkøyringsperiode vil dette variere.
Morgonsvøm:
Ope for alle med diverse chipband, eller dagsbillett.
Treningsbasseng og opplæringsbasseng er tilgjengeleg.
Ikkje vannsklie og motstrømskanal.
Badstu og kaldkulp vurderes etter nokre vakter, i fht kapasitet kring sikkerheit.
Stup/døds, bassengleik:
Ope for alle med diverse chipband, eller dagsbillett.
Dette er ein time for herjing og leik, ikkje for ei stille symjeøkt.
Ein må rekne med stemningsmusikk, og liv og røre under denne økta.
Damesvøm:
Ope for DAMER med diverse chipband, eller dagsbillett.
Dette er ein time vi tilbyr for å sikre at dei som kjem frå kulturar som krev kjønnsdelt badetid også får nytte anlegget. Men tida tilbys difor til alle damer over 18 år.
Timeplan