Bursdagsfeiring i Voldabadet 🎉🏊
Vil du feire bursdag i Voldabadet? Vi tilbyr bursdagspakkar for born og unge frå 0 til 17 år.
For eldre grupper ber vi om at de tek kontakt på e-post for eiga avtale.
Viktig informasjon
Bursdagsfeiringa må skje innanfor Voldabadet sine ordinære opningstider.
Sjå publikumstidene her: https://www.volda.kommune.no/voldabadet/opningstider/
Det er ikkje mogleg å reservere eige bassengområde eller få privat tilgang til anlegget. Bursdagsgjester må nytte anlegget saman med andre badegjester, og ein kan ikkje bestille tidspunkt som er sett av til eksterne leigetakarar.
Prisar
Gruppe opptil 10 personar: 1 200 kr (organisering i resepsjonen ved Voldabadet + 10 barn + 2 vaksne, ledsagar gratis)
Gruppe opptil 15 personar: 1 550 kr (organisering i resepsjonen ved Voldabadet + 15 barn + 3 vaksne, ledsagar gratis)
Gruppe opptil 20 personar: 1900 kr (organisering i resepsjonen ved Voldabadet + 20 barn + 4 vaksne, ledsagar gratis)
Kva er inkludert?
✔ Reservert bordområde i resepsjonen til avtalt tal gjester (vi tel berre born når gruppeprisen vert rekna ut)
✔ Uavgrensa brukstid i Voldabadet i opningstida
✔ Inngangsbillettar til alle deltakarane i gruppa til rabattert pakkepris
✔ Høve til å pynte bordet med ballongar og anna dekorasjon
✔ Tilgang til kjøkkenfasilitetar, vask og avfallshandtering
✔ Høve til å bestille pizza eller ta med eiga mat, kake og bursdagstårta
✔ Bursdagspresang til jubilanten – ei Lilalu-badeand 🦆
✔ Gratis inngang for føresette og ledsagarar: 1 vaksen gratis per 5 born
✔ Hjelp og rettleiing frå resepsjonen ved organisering og avslutning av bursdagen
✔ Invitasjon til Bursdag - PDF
Tryggleik
Vi minner om at born under 12 år må vere i følgje med vaksne som oppheld seg i bassengområdet og har ansvar for tilsyn under heile besøket.
Bestilling
Send ein e-post med om lag tal på born og ønskt tidspunkt til:
voldabadet@volda.kommune.no
Vi held då av plass til det oppgitte talet deltakarar på avtalt tidspunkt.
BOOKINGA ER IKKJE BEKREFTA FØR EIN HAR FÅTT RESPONS PÅ E-POSTEN.
Ring oss på 94 89 21 56 om du ikkje har fått svar innan 3 dagar.
Melding på førehand:
Send e‑post med ca antal born, og tidspunkt til: voldabadet@volda.kommune.no