Trivselsreglar og retningslinjer
Voldabadet - trygg og glad.
For at alle skal ha det best mogleg i vårt anlegg er det viktig at ein er oppdatert på Trivselsreglane som gjeld i anlegget! Velkomne :-D
Skal vi få til at alle har det trygt og bra i anlegget, krev det diverse trivselsreglar og retningslinjer som alle må forhalde seg til:
- Følg badeverten sine instruksar!

- Mobilbruk er ikkje tillate i anlegget

- Anlegget er skofri sone, så ein tek av seg skoa på tilvist stad.
- Skohyller i gangen før tribune, klasserom og møtelokaler.

- Samtlege som skal i basseng og eller attraksjon må dusje skikkeleg før ein entrer bassengområdet.
- Alle må dusje UTAN badetøy på.
- Intimsoner skal vaskast ekstra godt, (under armane og i skrittet).

- Det er ikkje tillatt å barbere seg i anleggets dusjsone, ei heller i bassengområdet.

- Samtlege som nyttar bassengområdet må ha på seg godkjent badetøy (badeshorts, trunks, bikini, badedrakt, burkini etc).
- Ein kan ikkje ha boksershorts under godkjent badetøy.
- Dette gjeld også for hijab.

- Vis omsyn til andre.
- Ingen springing i bassengområdet.
- Born under 12 år må ha tilsyn av ein vaksen til ei kvar tid. Den vaksne må vere i bassenget når bornet ikkje er symjedyktig.
- Mat og drikke skal ikkje tas med inn til bassengområdet. Dette forbodet gjeld varme drikkar, kullsyrehaldige drikkar og glasflasker. Vassflasker er sjølvsagt tillatne.
- Vi har drikkefontene ved hovedbasseng. - Hopp og stup skjer frå anviste stadar.
- Ingen form for rusmiddel er tillate.
- Ingen flytehjelpemidler på djupa. Her skal ein vere symjedyktig.
- Uønska åtferd og gjentekne brot på reglar, fører til bortvising.
- Om det skjer eit uhell (kutt, oppkast o.l.): gi beskjed til BADEVERT
- Seksuell tilnærming og adferd skal ikkje forekome nokon stad i anlegget. Politianmeldes.
- For at vi skal vere eit anlegg for alle, er det viktig at ein tek hensyn til kvarandre.
Dei som vil herje litt må ta hensyn til dei som ikkje vil det. Men dei som vil ha ei roleg økt må også ta hensyn til at det er lov med bassengleik!
Alvorsgrad i uønska hending og/eller oppførsel avgjer kva sanksjonen vert;
- Dialog
- Irettesetting
- Bortvising
- Politianmelding