Voldabadet - TRYGG OG GLAD
Skal vi få til at alle har det trygt og bra i anlegget, krev det diverse trivselsreglar og retningslinjer som alle må forhalde seg til. Desse vert også hengt opp i anlegget.
NB: Her kjem justeringar etterkvart som vi vert kjent med kva meir reglar som krevst i vårt anlegg.
- Anlegget er skofri sone, så ein tek av seg skoa på tilvist stad.
- Skohyller og 64 låsbare skap utanfor garderobene.
- Skohyller i gangen før tribune, klasserom og møtelokaler.
- Samtlege som skal i basseng og eller attraksjon må dusje skikkeleg før ein entrer bassengområdet.
- Alle må dusje UTAN badetøy på.
- Intimsoner skal vaskast ekstra godt, (under armane og i skrittet).
- Det er ikkje tillatt å barbere seg i anleggets dusjsone, ei heller i bassengområdet.
- Samtlege som nyttar bassengområdet må ha på seg godkjent badetøy (badeshorts, trunks, bikini, badedrakt, burkini etc).
- Ein kan ikkje ha boksershorts under godkjent badetøy.
- Dette gjeld også for hijab.
- Mat og drikke skal ikkje tas med inn til bassengområdet.
- Vi har drikkefontene ved hovedbasseng.
- Lytt til, og forhald deg til det Badevertane seier.
- Seksuell tilnærming og adferd skal ikkje forekome nokon stad i anlegget.
- …..meir kjem, under arbeid før opning….
Alvorsgrad i uønska hending og/eller oppførsel avgjer kva sanksjonen vert;
- Dialog
- Irettesetting
- Bortvising
- Politianmelding