Endra opningstider på måndagar

På grunn av kveldsarrangement måndag 9., 16., og 23. november stenger vi biblioteket klokka 18.00 for å rigge om lokalet. Hjarteleg velkomen til arrangement!

 

 

 

 

 

 

 

Måndag 9. november klokka 19.00 ynskjer vi velkomne til Skumringstime i samband med Nordisk litteraturveke, i samarbeid med Foreininga Norden Ørsta-Volda. Her blir årets tekst lesen på nordiske og baltiske språk. Årets litteratur er den svenske romanen De kommer att drunkna i sine mödrars tårar (2017) av Johannes Anyuru.

Måndag 16. november klokka 18.30 inviterer vi til forfattarmøte med Sølvi Hovden Eidheim. Ho kjem for å fortelje om romanen Jenta med de gule gummistøvlene og om korleis boka vart til. Romanen tek opp tema som mellom anna familieliv, traumer, kvinnehelse, overgrep, skulevegring og mobbing, om å miste arbeidsevne og bli ufør - alt dette fletta saman med ei spanande etterforskning. 

Måndag 23. november klokka 19.00 er det forfattarmøte med sjølvaste Simon Stranger. I eit føredrag med bilete og spesialskriven musikk vil Simon Stranger fortelje og lese frå boka Stranger. Om adopsjon, psykisk sjukdom, om å vekse opp med ein ustabil far og om å segle over Atlanterhavet i ein seglbåt som gradvis går i stykke. 

Desse kveldsarrangementa fører også til at vi tek pause frå Språkkaféen vår, neste dato for Språkkafé er måndag 30. november. 

Vel møtt til innhaldsrike litterære opplevingar på biblioteket!