Tilsett

 

Korleis du som tilsett går fram når du er uroa:

Som tilsett er du pålagt å handle om du opplever ei uro knytt til eit barn. Det kan vere uro rundt fungering, utvikling, livssituasjon, familieliv, helse, trivsel og liknande som kan ha innverknad på barnet eller ungdommen. Det kan og vere uro for eit ufødd barn.

BTI-handlingsrettleiaren - Kva gjer eg? skal gi deg informasjon og hjelp til å sikre systematisk oppfølging i situasjonen.

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta kontakt direkte med
Politi 02800, barnevernstenesta 91 57 60 20 eller alarmtelefonen for barn og unge 116 111

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar – Sunnmøre 2021-2025 gir felles retning for kommunane sitt arbeid mot vald i nære relasjonar på Sunnmøre. På side 47 finn du flytskjema for korleis handle om du får mistanke om at barn blir utsett for vald eller overgrep.

Barn og unges helsetenester er utarbeida av Helse Fonna, og blir implementert i Møre og Romsdal. Det er utarbeida 7 samhandlingsforløp som skal fungere som eit kart over ulike tenester, som skal gi innbyggjarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Oversikt tenester

Relevante tenester knytta til barn og unge i kommunen:

Helsestasjon og skulehelsetenesta:

Barnevern

Interkommunal barnevernvakt

Legekontor

Familievernkontoret

Sentralbord kommunen

Jordmortenesta