Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for det førebyggande arbeidet i Ulstein. Ulstein og Hareid kommune har eit felles politirådssamarbeid som har møter fire gongar i året. I desse møta deltek lensmann og politikontakt, ordførar, varaordførar, kommunedirektør og SLT-koordinator i begge kommunar.