Den 08. januar 1991 ratifiserte Norge barnekonvensjonen. Det betyr at regjeringa og Stortinget forpliktar seg til å følgje den opp. I 2003 vart barnekonvensjonen ein del av norsk lov.
Les meir om barnekonvensjonen på regjeringa sine sider.
Heile barnekonvensjonen kan du sjå på barneombodet sine sider.
Barneombud
I 1981 fekk Norge verdens første barneombod. Barneombodet si oppgåve er å spreie kunnskap om barn og unge, og ivareta deira interesse og rettigheiter. Ti år seinare fekk Norge verdens første barneminister. Barneministeren er den personen i regjeringa som jobbar med saker som har med born å gjere.
På barneombodet sine sider kan du lese meir om barneombodet og om dine rettar.
Nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging av utsette barn og unge
Målet med denne retningslinja er å styrke oppdagar- og handlingskompetanse hos leiarar og tilsette i kommunen. Den rettar seg mot alle born og unge, med mål om å nå dei utsette.
Retningslinja finn du her.
Andre statlege føringar