Anten du ønskjer å lære å symje, byggje tryggleik i vatn, få ei skånsam treningsøkt eller berre kjenne på god flyt og rørsle i bassenget, har vi noko for deg.
Alle kurs og aktivitetar vert arrangert av Volda symjeklubb, og oversikt over dei ulike tilboda og tidspunkt finn du på heimesida til Volda Symjeklubb. Sjå gjerne vekeplan for oversikt over alle aktivitetar og tidspunkt.
Viktig: For å delta må du melde deg på direkte via www.voldasymjeklubb.no.
Merk at abonnement eller billettar kjøpte i automaten eller i resepsjonen på Voldabadet ikkje gjeld for desse timane. Det er kun dei spesielle raude VSK-armbanda som er gyldige for deltaking.
Har du spørsmål eller ønskjer å vere med?
Ta kontakt med Volda symjeklubb – dei hjelper deg gjerne!
Aktivitetar i Volda Symjeklubb klikk på knapen!