FERIAR, opningstider og anna

FERIAR, opningstider og anna

Hei alle! 
Takk for mange gode innspel og tankar kring feriesystem for Voldabadet. 
Vi set pris på stort engasjement, det er moro! 

Nokre innspel kan vi ta med oss, medan nokre innspel går dukken grunna driftsmodell eller anna.

Minner om at vi har ein driftsmodell som gir klare begrensningar i fht timar vi kan ha ope både kvardag og ferie. Dette er vi sjølvsagt pliktig å forhalde oss til. 
(Les meir om det i Rådmannen si beskriving av driftsmodell under “om anlegget”..)

 

Vi har sjølvsagt full forståing for at de ynskjer å vite korleis dette kjem til å sjå ut. Både de som har kjøpt kort, de som planlegg ferie, de som skal få feriegjestar hit, og andre grunnar til engasjement. 

Informasjon om VINTERFERIEN, PÅSKEFERIEN, SOMMARFERIEN, og noko info kring neste skuleår kjem i veke 6 (altså seinast fredag 06.februar).  

 

 

PS: I den samanheng vil vi også nemne at vi held fram med sal av halvårskort, da vi har fått klare signal frå Kommunalsjefen på at antal publikumstimar vil halde dagens nivå også etter august, som gjer at vi da ikkje sel eit produkt som forringast i omfang. 
Noko vi er svært glade for :-D 
VELKOMEN til oss!!  

Fann du det du leita etter?